Oppsumering (hejfa)
Forside Add meg

Oppsumering



Ja, då var helga snart over igjen da. Eg kan vel godt fortelje litt om kva som har skjedd dei to siste dagane. For å byrje med laurdag, så sat eg rett og slett pal for å hjelpa bobboen med innleveringane sine. Er av ein eller anna merkeleg grunn mykje lettare å gjere andre sine lekser enn dine eigne!? Men som sagt, så satt eg rett og slett pal heile dagen, heilt til eg gav opp i 12 tiden om kvelden. Men då var russen i full fres med russefeiringa si i nabohuset her at det var heilt umogeleg å få sova. Så kva kan ein gjere da? Ikkje gidd eg gjere meir lekser, ikkje gidd eg stå opp igjen, så då blei det nok berre å sjå ut sesong 8 av Entourage da. Kva anna skal ein finne på om natta?


Kjedebilete frå Påsken

 

Når eg byrja å høyre fuglane kvitre og det blei sakte men sikkert lyst ute, såg eg nok at det var på tide å komme seg i seng. Så klokka var nok godt over 06.00 før eg la meg. Om dykk lurar på korleis eg veit det, så kan eg informere om at alarmen min som er stilt til kl.06 ringte midt under filmsjåinga!

 

Men så er det no slik at eg framleis har ein bobbo som trengde ENDA meir hjelp, så eg hadde nærmast ikkje fått lagt meg før eg var oppe igjen. Så no er eg jaggu stup trøytt! Og klokka er berre 20.30!



 

Men det var altså ei oppsumering ifrå den kjedelege helga mi. 

 

- Eline A

 

  • Ingen kommentarer



    Skriv en ny kommentar

    hits