Poirot! (hejfa)
Forside Add meg

Poirot!



Heisann, skriver berre eit lite "kjedeinnlegg" på skulen no! Er utruleg kor idiotiske alle desse helseoppgåvene kan vere! Skuldar på læraren eg, hihi!

Får vel seie litt om kva som skjer for tida da.... huum, kor skal eg byrje?

Dramaen skal sette opp ei Poirot framsyning, og av åtte personar så var me berre to stykkjer som viste kven Poirot er! Seriøst? Er det mogeleg?! Me skal sette opp stykke "The man with the careless victim", i alle fall så trur eg det var det det heitte. I stykket er det to hovudroller, Poirot selvfølgeleg og Miss Flecher! Har fått rolla som Miss Flecher, og om nokon av dykk har lest krimmen så har dykk sikkert oppdaga at Miss Flecher blir framstilt som ei middeladrande dame! Men me har endra litt på manuset slik at det tilpassar seg etter kva midlar me har tilgjengeleg! Så i denne samanhenga så er Miss Flecher i 20-30 åra! BASTA! 



 Uansett, det blir oppdaga eit lik på rommet til Miss Flecher og Poirot er ikkje sein med å komme med sine utmerkelsar om kva som har skjedd, og er fast bestemt på å ta saka, og Miss Flecher som blir assistenten hans, følgjer han gjennom heile mysteriet!


"Døden på Nilen", kjempe bra!

Handlinga skal føregå på 40 talet, noko som i alle fall EG var utruleg begeistra for!! Noko som de som kjenner meg sansynlegvis er høgst klar over. Berre tenk på dei antrekka dei hadde!! Åhhh.... som eg gledar meg!



Så no har eg dreve å gått igjennom garderoben å litt sånt, å funne ut kva som manglar av diverse saker og ting! Ironisk nok så må me sjølve ordne med kostyme og rekvisittar!



- Eline A

 

4 kommentarer


Jorunn24.01.2012 kl.13:23

Det heite "mogleg" *pirke, pirke*

;:D<3
Anomym24.01.2012 kl.14:14

Åhh!! Seie kem?! Høyrt om forskjellen på "å" og "og" ellde??

:D:D

MohahaXD
Jorunn25.01.2012 kl.07:56

-.-
Hejfa25.01.2012 kl.08:49

HahahaXD

Skriv en ny kommentar

hits