"Som snytt ut av nasan pao mor si" !! (hejfa)
Forside Add meg

"Som snytt ut av nasan pao mor si" !!



Ja ja.....då var det helg igjen, tenkte eg skulle ta ein liten oppsummering av veka! Kor skal eg byrje? Vel, til å starte med kan eg vel nemne at eg har vore i praksis denne veka, nede på AD - bustaden, skikkeleg koseleg der nede. Einaste minuset er at mamma jobber der nede, og ifølgje alle andre bortsett frå meg sjølv så er eg "så snytt ut ta nasan mor mi"!  


Så kvar morgo denne veka (ved nytt vaktskift) fekk eg no høyra det samme om igjen og om igjen, "ja ho e no jammen lik ho Kari Ann(e) ?) I går for eksempel, kom eg eit par minutt forseint, så rapporten hadde allereie starta. Når han var ferdig og alle pasientane var fordelt, og eg hadde fått ei å "dilta" etter.... så skjedde det no igjen! Trur du ikkje at eg fekk høyra det ENDA ein gong!

No har eg høyrt det samme om kor lik eg er ho mamma opp igjen og opp igjen heile veka minst 2 gonger for dagen! Så no i går så sat me no der inne på pers.rommet og drakk kaffi før runden starta, så ser ho Birgitte (som eg skulle "dilta" etter) opp på meg:

"Ja, du eg må nesten berre spørja eg.... men ehh du ekje dotte te ho Kari Ann vel?"

"Jo", seie eg og teke ein slurp av kaffien.

"Ja, du e da så hoggande lik ho og, atte, eg måtte berre spørra eg!"

"Ja veit du ke, da vare eg sa og her på tirsdag, da sat eg her no å tenkte når eg såg ho, at ho e no så lik ho Kari Ann(e) atte.... men eg syntes ho va så mørk, va so mørk i huda og så mørkt hår at eg lurte no litt... Men ho Kari Ann(e) e no ganske so mørk ho, jau d e no ei stund sida eg ha sett ho og. Så eg måtte rett og slett spørre eg! Men når du fyst veit de, så ser du de me ein gang!"

Whæææ!!  Det er til å bli gal av.... dette har eg høyrt kvar dag no!! Seriøst, SÅ LIK ER EG IKKJE! Men mindre du samanliknar oss når me var små begge to, då skal eg sei meg enig! Men me er ikkje SÅ like! Skulle ha prøvd det dykk og, fått høyra detta kvar dag!

Men no får eg stikke har nokre grønsakar å kutte opp! Hihi, me bloggast seinare!

- Eline A

2 kommentarer


Jorunn22.01.2012 kl.11:45

ahahhaXD Du e no faktisk litt lik mor di da:P:D(A)
Hejfa25.01.2012 kl.08:49

NEI!

Skriv en ny kommentar

hits