Innspurt! (hejfa)
Forside Add meg

Innspurt!



Sitter berre med innspurten på artikkelen min om Marie Antoinette. Eller kanskje ikkje akkuratt innspurt? Er ikkje heilt på slutten enda! Allereie fått utsetting ein gong, så no må den snart verte ferdig! Men det er utruleg kor fort det går når ein fyrst er kommen i gong. Er kommet sånn ca. til den delen av livet hennar då Frankrike si økonomiske krise byrjar! Jaja... skal no bli spennande å sjå korleis dette går!


Men det som skal bli mest spennande av alt vil bli å få han tilbake etter at læraren har gått igjennom han. Kari (læraren) berre ventar på å få tak i noko å ta oss med, ho har vist fått føre seg det at sida nokre (seier ikkje kven) tydelegvis har juksa (ifølgje ho sjølv!! Som er eit utruleg dårleg argument) er det stor mogelegheit for kopiering av tekstar frå nettet og slikt.

Uansett, eg nekta å skrive ei av oppgåvene ho kom med, som var å skrive om "ungdommens bruk av datamskin" og ting i den retninga! Så eg sa rett og slett at eg heller ville skrive om noko anna! Og slik var det at eg enda opp med Marie Antoinette! Eg trur kanskje at ho blei ein bitte liten smule irritert når eg sa at det ho kom med var standard oppgåver og at eg heller ville skriva om noko litt meir utfordrande!


Saken her er den at eg hentar nærmast all informasjonen min ifrå bøker og filmen hennar, og eg tvilar sterkt på at Kari har sett den filmen!  Så eg forventar at ho vil komma med ein komentar som dette, "du har ikkje skrive opp internett-kjelder, men du har ført opp en film som kjelde! Er dette virkelig ei kjelde med riktig fakta?"


Ergo, så er det sansynlegvis ein viss sjanse for at Kari vil byrje å bable om at eg liksom har juksa og ikkje skrive opp kjeldene eg har brukt!! Klassisk Kari!

Men no får eg sjå til å komma meg tilbake til arbeidet! Skal la dykk få veta korleis det går.

- Eline A

Ingen kommentarer



Skriv en ny kommentar

hits