Julekalender: 11 Desember (hejfa)
Forside Add meg

Julekalender: 11 Desember



I dag er det 11 desember!



GORO: Før du byrjar er det viktig å vete at denne oppskriften krev at deigen skal stå kjølig i ein dag. Så om du skal servere han er det viktig å byrje i god tid før selskapet.

Du treng:

  • 1 egg
  • 1 dl sukker
  • 1 dl kremfløyte
  • 2 ss konjakk
  • 1/2 reva skal av sitron
  • 1 ts kardemomme
  • 250 g melange margarin
  • 50 g potetmjøl
  • 300 g kveitemjøl
  • Vaniljesukker



 Slik gjer du:

1. Visp egget lyst og luftig med halvparten av sukkeret. Skal ikkje vere fullt som eggedosis.

2. Visp fløyta stiv med resten av sukkeret. Bland forsiktig egg og fløyte.

3. Tilsett margarinen og sikt på kveitemjølet med kardemomme og vaniljesukker. Vaniljesukkeret tilpassar du sjølv etter kva du sjølv synest.

4. Bland deigen raskt saman. Dekk den til med plast og la ha stå kjølig til neste dag.'

5. Kjevle deigen tynt ut, og skjør han i fine emnar som passar til gorojernet ditt. Steik kakane til dei er lys gylne på begge sider. Skjør kakane frå kvarandre med det same du tar dei ut av jernet.



- Hejfa

 

 

 



 

 

 

 

 
 



  • Ingen kommentarer



    Skriv en ny kommentar

    hits