Disney - klassikarar (hejfa)
Forside Add meg

Disney - klassikarar



Litt tidsfordriv må ein jo ha i blant. Akuratt for øyeblikket sitter eg og vofsen under dyna mi, med det supermjuke teppet mitt over, ein stor kopp med kakao i handa, ein kald klut på panna og eit golv fullt av snytepapir!

Jada, ut ifrå dette går eg ut ifrå at de har kommet til den konklusjonen at eg ikkje er heilt på topp i dag. Så i dag har eg berre "chilla" heime og latt mamma dulla med meg. Men det er ikkje så mykje å ta seg til når ein er sjuk heller, har vore litt inn og ut på facebook, sett litt på tv, sove, sove, sove og sove! Så no har eg og Indy  funne ut at me skal sjå ein film, ein av dei gamle disneyklassikarane. Kan rett og slett ikkje noko for det, men eg elskar berre alle dei gamle disneyfilmane, "Den lille havfruen", "Skjønnheten & Udyret", "Askepott", "Tommelise" (eller det er kanskje ikkje ein disneyfilm?), "Tornerose", "Snøkvit og dei sju dvergane".........

Så no har me kommet framt til den konklusjonen at me skal sjå....... Tornerose<3



Wiii :3

Kva synes de om dei gamle disneyfilmane?

- Eline A

Ingen kommentarer



Skriv en ny kommentar

hits