CAMPING! (hejfa)
Forside Add meg

CAMPING!



Da står altså min fyrste Sverige-tur for tur (vel, viss ein ser vekk ifrå den lille svippturen på 45min i fjor!), uansett så vil jo dette bli min fyrste gong da. Poenget med turen er at eg og familien min skal "CAMPE" i Arvika, Sverige. Joda, dikka høyrte riktig, "CAMPING". Og ut ifrå mine kalkulasjonar så vil det nok ikkje bli ein av dei "lykkelege familiecampingane" som ein ser på TV.

Men eg skal no ikkje klaga eg, eg som ha gått gleda meg i ei veke! Men uansett så trur eg no ikkje at det vil bli heilt forferdeleg. Eller kva trur dikka?

Men heldig for oss så sleppe me altså å ligga i eit lite klamt telt, der ein får heilt klaus og ilt i ryggen fordi ein har lege på ein diger stein, som i løpet av natta har gnagd seg inn i ryggen din! (Klassiske telt problem) Istede så skal me altså endeleg få ta i bruk "combien" vår. (Combi Camp)

Ein "combi" er liksom ein tillhengar som ein vippe over og vips! Så dukke det opp eit digert telt. Med ordentlege madrassar!!!

Her er nokon bilde av "combien" vår:



Så, er he altså combien vår da, men uten fortelte da. Det er eit ekstra telt som ein sette opp. Det blir liksom litt meir heimekoseleg.



Dei to sengene, som ikkje er oppsette enda...



Tatt frå innsida



Og selvfølgeleg så kan du ikkje setta opp eller få ein einaste ny ting i huset eller hagen utan at Tassen (katten min)skal bort og undersøkja det.

Vel, det var det, da bloggast me om ei veke da!

- Eline A

 

 

Ingen kommentarer



Skriv en ny kommentar

hits